mandag 27. september 2010

Tantebesøk.

No i helga har mamma, tante Anni og tante Liv vore her. Og med tantene gjekk dei første invitasjonane ut. Me har hatt det kjempekoseleg, og medan mamma var her tok eg like godt og fekk ringt om musikk. I dag blei eg ringt opp igjenn, så no er musikken til bryllupet booka. Sakte men sikket fell ting på plass, og eg kjenner at eg gledar meg skikkeleg til den dagen eg kan kalle meg Pål si kone:-) I løpet av denne veka vil dei fleste invitsjonane sendast ut, så då er det berre å vente på svaret om kor mange som vil kome.

torsdag 23. september 2010

Reiseruter og reiseplanar.

Eg har sjønt det etter kvart at enkelte ikkje har kjennskap nok til Veitastrond til å forstå kor langt det er dit. Dette må me gjere noko med :-)Me har to alternativ. De kan køyre direkte på torsdagen ( ja, bryllupet er på ein fredag:-)) , eller for dei det er aktuelt for går det an å mellom lande i huset vårt i Indre Arna. For dei som vil mellom lande reknar me ca 4,5- 5 timar køyring frå Indre Arna til Veitastrond. Vegen er smal å svingete på deler av vegen, så Gule sider sine tidsanvisningar er nok litt knappe. www.gulesider.no Her kan de plotte inn Indre Arna og Veitastrond. Så får de fram eit kart som også gjev detaljert reisebeskrivelse.

Utsending av invitasjonar.

No har invitasjonanae vore i hus ei stund, og me er strålande fornøgde. Me har valgt personleg levering, og direkte sending med folk på besøk som startegi. Pluss fellesutsending til enkelte. Grunnen er så enkel som at invitasjonane har ein litt ukurrant størrelse for sending i posten :-) Så i løpet av oktober skulle dei fleste invtasjonane vere på plass. Det vert spennande å sjå kor mange som faktisk har annledning til å kome.