fredag 6. august 2010
Planlegginga går sin gang.
Me har no fått hjelp til å lage invitasjonar, og i den samenheng så skal det velgast ut stil og tema for bryllupet. Etter mykje tenking har eg no ein viss ide om korleis eg vil ha både dekor, fargar, kjole, brudebukett osv. Så blir det spennande om dei som skal lage alt av invitasjonar, menyar, sangar, bordkort osv er eingie i at mine tankar er lure:-) Eg håper det eg tenkjer kan bli stilreint og stilig, men er samtidig litt redd for at det skal bli kjedeleg. No skal eg på Strondi neste veke, og då skal me møte dei, så får me høyre kva dei meiner, og få tatt eit skikkeleg bilde av oss. Dei to me har er enten ikkje heile hovuda med på, eller me myser mot sola. Så me må få tatt nokre litt bedre. Ellers har eg gjort meg tankar om både bryllupskake, og brudepynting....Blie ei spennande tid framover.
mandag 28. juni 2010
Veg og lokalitetar.
Sidan ganske mange av dykk som er inviterte i brylupet ikkje har vore på Veitastrond før , så tenkte eg det var på sin plass å seie litt om plassen og vegen dit. Veitastrond ligg i Luster kommune, 5 mil frå Sogndal. Med utgangspunkt i Bergen så køyrer de E16 mot Voss, vidare til Lærdal. Etter Lærdalstunellen( laaang tunell) skal de mot Lærdal. Vidare mot Sogndal, og når de når Lærdal skal de vidare mot Hafslo og Gaupne. Når de når Hfslo når de ein essostasjon. Der skal de ta nedre veg vidare mot Hafslo og Veitasrond. Siste del av vegen er beskriven slik i ein blogg. www.129.vgb.no/2008/07/13/nib-veitastrond-nasjonalparken/
søndag 13. juni 2010
Overnatting
Sidan det er ganske mange som vil kome langt vekke frå vil eg informere litt om overnatting. Det seier seg sjølv at den nermaste familien blir innkvartert privat. For alle andre vil det vere mogleg å leige hytter eller ta inn på hotell i nabobygda. Utleigehyttene er fine, med innlagt vatn og kjøkken. Her kan me ordne med bestilling o.s.v for dei som ynskjer det. Ellers legg eg ved link til hotellet det er snakk om: www.eikum.no
mandag 24. mai 2010
I dag har eg fått laga ei foholdsvis komplett liste over alle som skal inviterast i bryllupet. Og du store verden, det blei nokon det. Så blir det spennande å sjå kor mange som kan og vil kome. Når no teksten i innbydelsane og er nokon lunde klar betyr det at neste gong me skal på Strondi, så kan me ta med alt til dei som skal hjelpe oss med invitasjonar og slikt. Blir spennande å sjå korleis invitasjonane blir til slutt. Det er lenge til brylluppet endå, men eg gledar meg allerede som ein unge:-)
fredag 21. mai 2010
Invitasjonar.
Då sit eg her, og prøver å formulere invitasjonane til bryllupet. Er ikkje lett, for eg skal ha med akurat passe med informasjon, samtidig som det skal sjå bra ut. Har heldigvis folk som kan ta seg av utsjånad, men innhaldet må eg finne ut av sjølv. I tillegg må eg få til ei oversiktleg liste over kven som skal inviterast, slik at me er sikre på at me får invitert alle dei me vil. Er viktig å få med dei som betyr nko for oss til å feire dagen med oss, så det blir nok ein del gjester...
mandag 17. mai 2010
Forlover
Eg har valgt verdens beste veninnne som min forlovar, og det var nok eit godt valg, for første gongen eg fekk besøk av Marianne etterpå så valgte me ut brudekjolen min på 2 timar. Og den er heilt fantastisk. Takk for at du stiller opp og vil vere min forlovar Marianne. Og takk for at du er slik ei utruleg god veninne. Gledar meg til å ta deg med på meir bryllupsplanlegging:-)
Då er planlegginga i gang.
Då er datoen sett, og både prest og lokale bestillt. Og eg har bestemt meg for å skrive ein blogg for å følgje prosessen med planlegging osv. Denne blogen vil og vere ein fin plass for gjestene å finne informasjon om overnatting og ønskjeliste osv.
Abonner på:
Innlegg (Atom)