lørdag 17. september 2011

Bilde











































Meg å papan før me ska gao fram te dei andre.













torsdag 30. juni 2011

Det nermar seg

No bjøna me å telja dagar til bryllupet. Å ting bjøna å koma i orden. Min og Vår sin kjole e komne te gards. Presten har eg hatt første samtale med, i helga hadde me ein prat med toastmaster. Salmer er meir eller mindre bestemt, å me ha stort sett oversikt over alle gjester. I helga fekk eg den store inspirasjonen, og fekk dikta det eg skulle før bryllupet. Vart ein forkorta middagskvil, men ke gjere da når inspirasjonen kjemme:-)

I dag har eg bestilt blomar, og mykje av drikkevarene. Å so e planen å begynna å laga bordkart i løpet av helga. No bjøna da verkele å vera moro :-)

torsdag 14. oktober 2010

Brudeshow.


Tirsdag 21 oktober skal eg på brudeshow på Melle Amie i Bergen. Det er der eg har sett meg ut brudekjolen min, så viss det ikkje dukkar opp ein kjole som fell endå meir i smak, så vil eg betale depositum på kjolen min på tirsdag. Å gjett om eg gledar meg og er spent...Einaste som er dumt er at eg må gå dit åleine. Marianne, min kjære forlovar er tross alt heime hjå seg.....og kan ikkje vere med, mens min kjære Pål må vere barnevakt for at eg skal kunne gå... Så får eg kose meg på show åleine, i trygg forvisning om at Pål sannsynlegvis er glad for at han slepp å vere med....

Respons på invitasjonar.

Sidan dei fleste invitasjonane no er levert, er det vel på tide å gjere det mogleg å gje respons her inne. Det kan de gjere under dette innlegget ved å legge igjenn ein kommentar. Eller det kan gjerast til meg på tlf 41650786.

tirsdag 5. oktober 2010

Ønskeliste.

Denne ønskelista vil bli oppdatert etter kvart.
Peng til bryllupsreise, og friluftsutstyr.
Hardangerbestikk Frida http://www.hardangerbestikk.no/frida.html
Rosendahl glass og dessertskåler http://www.glassoginterior.no/default.pl?
Middagsservise Porsgrund porselen Cuisine. Firkanta
Kaffeservice Porsgrund Marbella.
Digitalt speilreflekskamera.
Pulsklokke.
Bæremeis
Barnesete til sykkel
Tulipanvase
Verdens beste kakefat
Black design:
Glass-sylindere i ulike størrelsar
BD desing hjertelyseholder med 5 lys henge.
BD design lysekrone med 9 lysglass for telys m lysmansjetter til

mandag 27. september 2010

Tantebesøk.

No i helga har mamma, tante Anni og tante Liv vore her. Og med tantene gjekk dei første invitasjonane ut. Me har hatt det kjempekoseleg, og medan mamma var her tok eg like godt og fekk ringt om musikk. I dag blei eg ringt opp igjenn, så no er musikken til bryllupet booka. Sakte men sikket fell ting på plass, og eg kjenner at eg gledar meg skikkeleg til den dagen eg kan kalle meg Pål si kone:-) I løpet av denne veka vil dei fleste invitsjonane sendast ut, så då er det berre å vente på svaret om kor mange som vil kome.

torsdag 23. september 2010

Reiseruter og reiseplanar.

Eg har sjønt det etter kvart at enkelte ikkje har kjennskap nok til Veitastrond til å forstå kor langt det er dit. Dette må me gjere noko med :-)Me har to alternativ. De kan køyre direkte på torsdagen ( ja, bryllupet er på ein fredag:-)) , eller for dei det er aktuelt for går det an å mellom lande i huset vårt i Indre Arna. For dei som vil mellom lande reknar me ca 4,5- 5 timar køyring frå Indre Arna til Veitastrond. Vegen er smal å svingete på deler av vegen, så Gule sider sine tidsanvisningar er nok litt knappe. www.gulesider.no Her kan de plotte inn Indre Arna og Veitastrond. Så får de fram eit kart som også gjev detaljert reisebeskrivelse.