torsdag 23. september 2010

Reiseruter og reiseplanar.

Eg har sjønt det etter kvart at enkelte ikkje har kjennskap nok til Veitastrond til å forstå kor langt det er dit. Dette må me gjere noko med :-)Me har to alternativ. De kan køyre direkte på torsdagen ( ja, bryllupet er på ein fredag:-)) , eller for dei det er aktuelt for går det an å mellom lande i huset vårt i Indre Arna. For dei som vil mellom lande reknar me ca 4,5- 5 timar køyring frå Indre Arna til Veitastrond. Vegen er smal å svingete på deler av vegen, så Gule sider sine tidsanvisningar er nok litt knappe. www.gulesider.no Her kan de plotte inn Indre Arna og Veitastrond. Så får de fram eit kart som også gjev detaljert reisebeskrivelse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar